Hei!
Eg er såvidt begynt å tenkje på bacheloroppgåva, men treng hjelp til å danne ei problemstilling.
Kva vil eg skrive om: Eg har heile vegen tenkt eg vil skrive om pleie og kommunikasjon i den palliative fasen, både for pasient og pårørande. Men for kort tid sidan var det ein i heimbygda mi som tok livet sitt, og alle spørsmål, tankar og kjensler eg hadde når min bestekompis tok sitt liv kom opp igjen. Det fekk meg til å tenkje at eg vil skrive om sjølvmord då dette er noko som verkeleg fengar meg, men eg slit med å danne ei problemstilling. Dette fordi eg ikkje berre vil ha om dei etterlatte, men eg vil òg gå innpå kva som får nokon til å ville ta livet sitt og den biten.
Eg har prøvd å søkt litt kjapt på nettet, men dei fleste passar ikkje heilt inn i det eg kunne tenkt meg å skrive om.
Håpar nokon vil hjelpe eller kome med tips!
Anonymkode: e26d6...928